KONTAKT OSS

Velkommen til å ta kontakt for spørsmål eller påmeldinger til kurs. 

 

         

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

APUS.JPG

OM OSS

snöprinsessa_blå_transparentbakgrund.png

Om oss

Velkommen ut i naturen med oss, og for å utforske ulike praksisar og behandlinger for helse, vekst og utvikling. 
Gjennom vår sommar og haust held vi yogaklasser, ulike kurs og samlinger, og tilbyr terapautiske behandlinger i Oldedalen i Stryn, Norge. Vi håper å skape eit trygt rom der vi kan dele, vokse og inspirere kvarandre til å leve i djupare kontakt med vår essens, naturen og kvarandre.
 
Vi ser fram til å treffe nye og gamle venner! 
/ Johanne & Frank


8MqPtHNeScahMAlL1JtxHg_thumb_5817.jpg

JOHANNE MELKEVOLL

Eg vaks opp mellom fjella og breane i Oldedalen, og allereie når eg var lita nytte eg å bu tett på naturen, samtidig som eg drøymde om å reise i verda og besøke framande kulturar, tradisjonar og plassar. 
Frå slutten av vidaregående starta eg også å utforske ulike filosofiske og yogiske praksisar, og eg begynte å utforske på meg sjølv korleis sinnet og følelsane fungerar. Spontane indre opplevingar skapte eit behov i tillegg til inspirerte meg til å reise ut, finne lærarar, lære meir og oppdage. 

På Universitetet studerte eg pedagogikk, historie, sosialantroplogi, språk og litteratur. Eg har vore lærar i grunn- og vidaregående skule i fleire år, og delte også yogaklasser med kolleger og elever då. Sidan min første yogklasse omkring 2000 har eg for det meste utforska klassisk yoga, yoga nidra, filosofi og ashtanga vinyasa yoga. Sidan 2007 har eg delt klassar og kurs i skulen og seinare også ved ulike yogastudio og gjennom Yoga i Nordfjord. Dei siste åra har eg helde kurs, workshops og samskapa retreats i naturen i Oldedalen. 

Gjennom åra har eg vore så heldig å studere og lære fra erfarne lærarar i yogisk kunnskap og praksiser, både i Norge og omkring i verda. Nokre av fordjupningsstudia har vore ved Centered Yoga Thailand, på Bali, og i Mysore, India, blant anna. 
For meg kjennes det som at heile livet er inkludert i praksisen, og eg finn det umuleg å putte yoga inn i ein boks eller assosiert med kun ein person eller nokre få greiner av "treet". For meg er det heilheita av desse praksisane og kunnskapen som inspirerer; Yoga. 

Sidan 2012 har eg gjennomgått djupe forandringar på mange område i livet mitt, og ulike opplevingar gjorde at eg skrifta retning. Eg flytta frå byen og til naturen i Oldedalen, skrudde ned tempoet i livet mitt, og tillot meg ei ny tilnærming til dei ulike metodane eg har praktisert så langt. Sidan då har eg tilbrakt mykje tid på Bali, og saman yogastudia også studert kranio sakral terapi, healing praksiser samt følger utdanninger i medisinhjulet basert på Peruvianske healing tradisjoner. 
Eg nyt også ein meir fri og kreativ livsstil, med tid til  musikk, maling, dans og skriving som alltid har vore ein viktig del av mitt liv. 

Eg har no funne min base i dei nordiske røtter igjen, og bur deler av året i Oldedalen, Norge, der eg deler med min kjære, familie og venner, utforsker livet og lever enkelt i naturen. 

DSC06675.jpg

FRANK ALEXANDER BJENNMYR

Mot slutten av 2010 tok livet mitt ei stor vending, då eg mottok mi første vann-behandling (Watsu). I kombinasjon med yoga ble det ei sterk oppvakning, og eg forstod med ein gong at eg skulle vandre vidare i ei ny retning i livet mitt. Etter dette var eg fleire år på reisande fot der eg brukte tida mi på å fordjupe meg innan yoga og meditasjon, og å utforske og lære meg ulike behandling- & healingmetodar, som eg begynte å dele med andre med det same. 

Dei mest lærerike og innflytelsesrike kursa har vore nettopp Watsu og Healing Dance (aquatic bodywork), men også tradisjonell Hatha yoga i Indien, Sama Yoga på Bali og Inner Dance på Fillipinene. 
Dette ledde meg vidare til Kraniosakral Terapi, noko som for meg har vore djupt helande og transformerande, og som eg kontiunuerlig har studert og gjeve behandlingar i sidan då. 
I Sverige har eg fordjupa meg innan shamanske healingmetodar, noko som har bidrege til ei modning og djupare forståelse for den eg er. 

Kitesurfing var ein sann lidenskap i mange år før yoga og healing kom inn i livet mitt, og det er veldig viktig for meg å spandere tid i naturen. Mykje inspirasjon kjem gjennom å uttrykke meg kreativt, gjennom å spele og skape musikk, danse og skrive. Matlaging har blitt ei stor interesse, eg er verkeleg glad i å skape naturleg og sunn mat, noko eg har gjort på Yoga & Fjell retreat sidan starten i 2015. 

Så no har eg funne vegen tilbake til Skandinavia, der eg lever saman med mine to kjærleikar, Johanne og vår datter Alva. Her lever vi nært naturen, gjev behandlingar, samskaper retreats & kurs, arbeider på ein camping, og deler inner dance & yoga og nyter livet! Eg ynskjer at eg kan fortsette å dele alt det som har hatt ein djup innverknad på mitt eige liv, for å støtte andre i deira utforsking og inspirere til helse og glede.